Dramatikk?
Har du nokon gong tenkt at teikneseriar er drama? Det har nemleg eg fundert mykje på i det siste. Det er mange teoribøker om teikneseriar som skriv opp og ned om korleis teikneseriar fungerer, men eg har enno ikkje kome over noko som har kategorisert teikneserien som drama eller som har skildra tekst-delen av kunstforma som dramatikk. Dette tykkjer eg er ganske pussig, så no leitar eg flittig vidare i teoribøkene etter dette.
Grunnen til at eg har byrja å tenke på dette er at eg ofte høyrer i forskjellige samanhengar at teikneseriar vert kalla litteratur, noko som eg tenkjer er både sant og usant. Ser du i ei norsk lærebok kan teikneserien vere kategorisert som ein samansett tekst. Spør du ein teikneserieskapar så er teikneseriar ei heilt eiga kunstform, og eg er i den sistnemnte leiren.
Å kalle teikneseriar litteratur er for meg som å kalle skodespel eller film for litteratur. Ja eg skjønar at det ligg ein god del yrkesstoltheit i eit slikt perspektiv, men slik er det. At teikneseriar består av biletkunst og litteratur i ei høgare eining, er ein påstand eg er veldig einig i.
Sjølv om teikneserien er lektyre, så kjenner eg som teikneserieskapar at den har lite til felles med skjønnlitteraturen og prosateksten som er grunna på forteljarstemma. Når nokon vel å kalle ein teikneserie for ein teikneserieroman, så trur eg ikkje det er fordi dei ser på kunstforma som skjønnlitteratur, men det er fordi forlaget eller teikneserieskaparen ynskjer å kommunisere til lesarane at denne teikneserien er lengre og meir seriøs enn tradisjonelle teikneseriar. Motstanden min imot å kategorisere teikneseriar som litteratur er kanskje eit teikn på eit mindreverdskompleks. Truleg eit resultat av at teikneserien sin status har vore ganske lav i godt over 100 år. Litteratur vert gjerne delt i tre grupper: Prosa, lyrikk og dramatikk. Og det er i refleksjonen om teikneserien er litteratur at eg plutseleg innser at teikneseriar kanskje er dramatikk.
Men kva er drama? Store norske leksikon kallar dramatikk skuespilldikting, drama er dei meir spesifikke på: «Et drama er et teaterstykke. Teksten kan bestå av dialoger (samtaler) eller monologer (enetale). Teksten er ment å bli fremført på en teaterscene.»
Teikneserien er jo ikkje eit teaterstykke, så om drama er eit teaterstykke så kan vi berre sette strek med ein gong og la teateret få ha det omgrepet for seg sjølv. Men om me heng oss opp i at dramatikk er skodespelardikting, så opnar det seg ein del dører. For då er jo film og dataspel to andre kunstformer som også syner oss ei handling med dialogar framført av skodespelarar slik som i teaterstykket. Eg veit kva du tenker: Teikneseriar har ikkje skodespelarar, du må legge denne tankerekka død. Eg klamrar meg fast til tankerekka litt til.
Ein teikneserien består av tekst og teikningar. Teikningane syner og skildrar dei fiktive eller rekonstruerte omgivnadane og handlingane til personane eller skapningane historia handlar om. Lesaren ser handlingane utspele seg, akkurat som om me ser på film eller teater. Teksten er slik som tekst elles, den representerer tankar og lyden av tale, men også lyder generelt, ja du veit: onomatopoetikon. Sidan handlinga utpelar seg visuelt framføre lesaren, så treng ikkje teksten å bestå av ei forteljarstemme som i ein rein prosatekst.
Dramatikk vert oftast manifistert som eit manuskript. Dette er eit dokument som er eit verktøy for teateret eller filmprodusentane og sjølvsagt skodespelarane som skal lære seg replikkane dei skal framføre. Ein teikneserie har også eit manus. Av og til er det eit manus som kan likne dramatikk for scene og film, andre gongar er det kanskje berre notatar og resten skjer på teiknebordet. Det som er spesielt med teikneserien, inkludert tekstbaserte dataspel, er at sluttresultatet også er i skriftleg form, og er det kanskje her hemskoen ligg?
For kan ein teikneserie vere dramatikk når ingen framfører teksten? Om dette er eit absolutt kriterium så vert svaret på spørsmålet nei. Eit argument mot dette kriteriet er at eg tykkjer sluttresultatet er heilt likt eit teaterstykke eller ein film. Forskjellen er at skodespelarane og omgivnadane er bytt ut med teikna karakterar og scenario, scena og skjermen er byta ut med teikneserierutene og all lyd er tekst. Eit anna argument er at eg vil hevde det er ei utøvande side ved teikneserien. Eg tenkjer ikkje på at teikneseriar av og til vert framført på scener, ikkje ulikt ei høgtlesing av ein tekst, med bileter på skjerm og av og til musikk. Eg tenkjer på at når teiknaren set blyanten på papiret, så er det ikkje berre ein, men fleire prestasjonar som vert utøvd på teiknepulten.
Samanlikna med søsterkunstformene teater og film som ofte er store samarbeidsprosjekt, så består teikneserien av få eller berre ein multikunstnar. Ikkje berre er teiknaren regissør, scenograf og designar av alt du ser, men også skodespelar for alle karakterane. Skodespelprestasjonane teikneseriefigurane syner er eit resultat av teiknaren si formidling. Slik er teikneserieteiknaren sin jobb ganske så lik ein skodespelar sin. Dei må begge kunne ta på seg mange ulike roller og gjere ulike tolkingar. Ein stor skilnad er sjølvsagt at skodespelaren må stå ansikt til ansikt med publikum, som vurderer hen opp og ned. Teiknaren derimot, sit gøymd bak sin eigen strek kan observere mottakinga frå avstand.
Eg trur teikneserieteiknarar og forfattarar vil lettare sjå slektskapet med film og teater om ein ser på teikneserien som dramatikk. Kan teikneserien plasserast i denne litterære sjangeren i faglitteraturen? Kva vil ein dramatikar sei til dette?
Eg sit igjen med veldig mange spørsmål. Ein ting har i alle fall endra seg i meg etter at eg byrja å fundere på temaet – eg har blitt litt betre ven med litteraturomgrepet. Kanskje mindreverdskomplekset mitt byrjar sakte å prelle av.